Høyanger

Fylke: Vestland
Kommune: Høyanger

> Se kart

Mer informasjon:
> Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
> Høyanger kommune
> Visit Norway
> Store norske leksikon
> Wikipedia

Det meste av arbeidet skjedde for handemakt med taljer, spett og våg som hjelpemiddel.  Det var nokre kraftige løft. Dei største røyrene i Hjetlandsleidningen var 15 meter lange og vog 10 tonn. Foto: Einar Helgesen, HIM

Bedriften var hele samfunnet

Høyanger har ei over 100-års historie som industrisamfunn. Grunnlaget var dei store vasskraftressursane som låg her og som den gongen ikkje kunne overførast til meir sentrale strøk i landet.

Krafta måtte brukast der den vart produsert, i dette tilfellet aluminium. Utbygginga starta våren 1916 med bygging av røyrgater, kraftstasjon og fabrikk. Etter ein hektisk anleggsperiode, stod desse klare hausten 1917. 

Så fort gjekk det ikkje med bustadbygginga. Det vart midlertidige løysingar med brakker som ikkje vart så midlertidige likevel. Bedrifta Norsk Aluminiumscompani (Naco) var den som stod for husbygginga. Det klassedelte samfunnet kom til syne gjennom bustadbygginga. Murgården som vart det klassiske arbeidarstrøket, stod ferdig hausten 1917 samtidig som Villabyen på vestsida gav husrom til funksjonærane. Best butilhøve hadde direktøren og ingeniørane i Kloumanns allé. Det fann stad ei standardheving for den betre delen av arbeidarklassen då bustadene i Parken vart bygde frå 1925 og utover.  
 
Men situasjonen på bustadmarknaden var prekær. Det som skulle lette ein god del på dette var Egne Hjem-prosjektet. Trass i dårlege tider for bedrifta i 1920-åra, la både fagforeininga og kommunen etter kvart eit press på verket for å gjere bustadtilhøva betre. Med Egne-Hjem-ordninga kom dei private i sterkare grad inn i bustadbygginga. Sjølv om Naco hjelpte til, vart dette ei langt billegare ordning for bedrifta for å løyse bustadkrisa. Men «Egne Hjem» var ikkje berre ein måte å skaffe arbeidarbustader. Ideologien bak bustadbygginga var den såkalla «Hagebyen». Denne skulle gje sunnare og lykkelegare arbeidarar, betre arbeidsprestasjonar, mindre sjukdom og færre streikar. Med det skulle ein demme opp for den politiske radikalismen som var sterk i arbeidarrørsla i desse åra. 
 
Trass i den stor byggeaktiviteten  greidde ikkje å halde tritt med den store folkemengda. Folk budde trongt heilt fram til den private bustadbygginga tok til for alvor i åra etter 1945.  

Nærast ligg Murgården som var arbeidarbustader på Sæbøtangen og stod ferdig sommaren 1917. Bygget til høgre er Folkekjøkkenet. I bakgrunnen til venstre ligg Villabyen. Murgården vart riven i 1971. Folkekjøkkenet stod fram til hausten 1980 då også det vart rive.

Den politiske organiseringa 

Med anlegget kom arbeidarrørsla til Høyanger. Alt 1. april 1916 vart det stifta ei fagforeining som slutta seg til Norsk Arbeidsmannsforbund. Fram til 1924 organiserte dei ulike fag- og yrkesgrupper seg i kvar sine foreiningar og forbund, medan dei som vart rekna som ufaglærte, stod i Norsk Arbeidsmannsforbund, det klart største LO-forbundet då. Men det var eit stort mangfald i foreningar, noko som gjorde det nødvendig med samarbeid. Alt første året stifta dei foreiningane som var med i LO, Høyanger Fellesorganisasjon for å samordne den faglege aktiviteten og ta seg av ulike fellestiltak som 1. mai-feiringa og  Folkets Hus. I 1924 gjekk dei ulike arbeidarforeiningane saman i ei foreining tilknytta det nyoppretta Norsk Kjemisk Industriarbeidarforbund.  

Dei sosiale og kulturelle kløyvingane i Høyanger gav seg også utslag i politiske motsetningar. I kommunepolitikken stod bygdefolk mot industrien. Funksjonærane var for få til å gjere seg gjeldande åleine, men i enkelte spørsmål kunne dei alliere seg med bygdefolket, i andre med arbeidarane, slik vi såg i striden om skulemålet. Men i mellomkrigstida vart dette fullstendig overskugga av den interne striden i arbeidarrørsla mellom dei som sokna til Arbeidarpartiet og dei som sokna til Kommunistpartiet. I Høyanger kom dette til å skape bitre motsetningar. Mot slutten av trettiåra roa det seg ein del, men etter krigen vart dei vekte til live att som følgje av den kalde krigen mellom aust og vest. Men då var den kommunistiske opposisjonen i Høyanger ei marginalisert gruppe. Etter den tid har det Arbeiderpartiet som har vore det dominerande partiet og har hatt ordførarvervet i alle år.

Folkets Hus var samlingsstad for arbeidarane i Høyanger. Huset vart bygd i 1917 og var samlingsstad inntil det vart rive i 1971.

Den kulturelle organiseringa 

Eit vel så viktig arbeid som å skaffe bustader og makt og innverknad gjennom politikken, var den kulturelle organiseringa. I skapinga av eit nytt samfunn vart arbeidarkulturen viktig. Arbeidet til arbeidarrørsla vart difor å fremje ein alternativ kultur, ulik den borgarlege og den som bondesamfunnet stod for. Sentralt i dette stod omgrepet solidaritet i betydninga klassekamp i fellesskap, noko som innebar eit brot med den borgarlege individualismen. Såleis vart det som føregjekk på Folkets Hus vel så mykje ei kulturell oppseding som det å halde politiske møte. Det innebar aktivitetar som fysisk fostring, musikk, teater og litteratur. Tilliks med alt anna i Høyanger vart også kulturen todelt, ein for arbeidarane og ein for funksjonærane. Innafor idretten var det to idrettslag, arbeidarane hadde Falken som sin base, medan funksjonærane søkte til Høyanger Idrettsforening. Først i 1957 vart det eitt idrettslag, Idrettslaget Høyang.  

Folkets Hus vart det naturlege samlingspunktet for arbeidarrørsla i Høyanger. Til innflyttinga hadde direktør Kloumann gjeve ei boksamling på 500 bøker, noko som vart grunnlaget for eit folkebibliotek med utlån til alle i Høyanger. Biblioteksalen var forseggjord med brystvern og dekorasjonar. På den eine langveggen hang det to store bilete av to tyske kommunistar som vart drepne under oppstanden i Tyskland i 1919, det eine av Rosa Luxemburg, det andre av Karl Liebknecht. Mellom desse to bileta var det måla eit ordspråk omkransa av girlander og akantusblad med snirkla bokstavar: «Ved håndens flid og åndens id, bygges skal den nye tid.» I byrjinga var kinosalen utan særlege dekorasjonar før freskomålaren Olav Ansgar Larssen tidleg i 1930-åra fekk i oppdrag med å dekorere salen. I huset var det politiske møte, anten det var dei ulike arbeiderpartia eller fagforeiningane. I brytingsåra mellom NKP og Arbeiderpartiet i 1920-åra kunne det gå livleg føre seg. Arbeidarane sitt samlingshus, Folkets Hus, vart rive i 1971 og eit meir moderne og nøytralt samfunnshus kom i staden. 

For å hjelpe på bustadnauda vart hus ein vesentleg del av Naco sin strategi om å bygge eit harmonisk og velregulert industrisamfunn. Verket festa bort tomter og sytte for praktisk og økonomisk støtte. Nokon av husa frå 1924 og står framleis.

Ein samansett by 

På engelsk heiter det «mono company town», «eittselskapsby», stader der den eine bedrifta er altomfattande. Ho er den klart største arbeidsplassen og utfører dei fleste samfunnsfunksjonane. Høyanger var fram til 1970-talet ein slik eittselskapsby. Naco var den i særklasse største arbeidsgjevaren; 7oo-800 personar hadde den dagleg gangen inn fabrikkporten eller til dei kontora og anlegga som låg utanfor. Men òg alle andre arbeidsplassar var avhengige av aluminiumsverket. Dei selde varer og tenester til bedrifta eller til folk som arbeidde på ho. Òg den nest største arbeidsplassen i Høyanger, sjukehuset, ville ikkje kome der utan fabrikkane og hadde seinare fabrikkane som eksistensgrunnlag.

Men Naco var langt meir enn ein arbeidsgjevar. Selskapet sto for dei fleste samfunnsfunksjonane i Høyanger. Vatn og kloakk var bygde og vart vedlikehalde av Naco. Verket sytte for røyrleggjararbeidet når vatnet fraus i husværa i kalde vintrar. Elektrisiteten kom frå kraftstasjonane til Naco, og det var elektrikarar frå Naco såg til linjenett og installasjonar innomhus. Det var òg folk frå anleggsgjengen til Naco som bygde dei fleste av husværa, òg lenge etter at anleggstida var slutt. Parkar og grøntanlegg vart stelte av gartnarar tilsette ved Verket, og målarane til Verket målte gjerda rundt. Gater og vegar vart kosta og spylte  av verkstilsette om sommaren og brøytte av dei same om vinteren.

Kommunen var i Høyanger ein restfaktor. Det som andre stader heitte teknisk etat, heitte i Høyanger Verket. Med nye tider og nye eigarar vart det kommunen som tok over desse funksjonane. Verket under leiing av Norsk Hydro er den viktigaste arbeidsplassen med ca. 160 tilsette, men spelar ei langt mindre rolle i lokalsamfunnet enn det Naco gjorde. 

Industristaden Høyanger vart i fleire samanhengar sett på som eit vellykka industriprosjekt. I eit oppslag i Arbeiderbladet i 1939 stod det følgjande: «Høyanger er vel det yngste av de moderne stedene våre, og uten sammenlikning det vakreste.» To år seinare kom ein liknande omtale i ei anna hovudstadavis, nemleg Morgenbladet: «… det er plan over alt som er utrettet i Høyanger. Gatene er perfekte, men aldri kjedelige; rekkebebyggelse et sted avløses av en gruppe villaer anbrakt rundt et lite haveanlegg med rislende springvann i midten. Orden og plan overalt, men samtidig variasjon og skjønnhet … Det er en fabelaktig by». 

Sjølv om mange av dei viktige signalbygga som arbeidarstrøket Murgården og Folkets Hus vart rivne i åra rudt 1970, er det mesteparten av den gamle bygningsmassen intakt. Høyanger er framleis ein studie verd. 

Tekst av: Jan Anders Timberlid